...

mandag 31. mai 2010

Ny åpning mellom stova og kjøkkenet :)


Hallo! Takk for overveldande mange gode ord om bildet eg la ut i går kveld! Skulle ynskje eg kunne ta med kvar og ein av dokke ut på tur der! :) Nevnte ikkje at denne turen var 16 km, og med stigning frå 0 til 1000 meter, så kjenner eg det litt i kroppen i dag... Fullstendig tom i går kveld, men er allereie i stigande form ;) Skal vere guide for Turlaget her i kommuna på onsdag, også med tittelen Frå fjord til fjell. Eg har i alle fall varma opp i forkant... Hi-hi :))) Dagens tema er ny åpning mellom kjøkken og stove. Endeleg ferdig! Har ikkje måla siste strøket på listverket, men det viser ikkje på bilda ;) Eg er kjempefornøgd. Skyvedøra som var der, har vore brukt ca. ti gongar på elleve år... Vi har også kasta ut ovnen som aldri skulle vore der. Planen var ein peis, men så var det desse pengane... Vi åpna opp for å få betre varmesirkulasjon mellom romma i første etasje. Endå viktigare med varmepumpa som kom hit i vinter. Men også når vi fyrer. Kjøkkenet vårt er større enn stova, men eg synes at stova vart større no? Masse lys inn over alt i alle fall, og DET er herleg! 

(Før til venstre)


Kvelden blir roleg, dagen har vore full av innhald. Herleg å sekke ned i godstolen, og ta ein runde her inne!

Ha ein fin kveld du også!

Elin

søndag 30. mai 2010

Frå fjord til fjell



I dag har vi vore på langtur. Heilt til Geiranger. Og det var ein nydeleg dag å ta turen på. I går kveld hadde vi GP fest saman med gode vener, og kosa oss med reker. Etter ein sein kveld, eller tidleg morgen, søv vi lenge, og sette kursen innover. Eg hadde sånn ca. bestemt meg for å ta ein treningstur i denne vakre naturen. Og vel inne sette eg kursen oppover dalen. Starta nede ved sentrum ved fjorden. Og opplevinga var storslått. Å få kjenne inntrykka så tett på, få slørete fossefall over panna på vegen oppover... Utsikt som folk betalar i massevis for å få oppleve...  Ubeskriveleg! Og til slutt stod eg på 1000 meter over havet. Det tok akkurat to og ein halv time, og eg kjem ALDRI til å gløyme denne dagen! Skulle ynskje at eg hadde med kameraet mitt, SÅ mange fine motiv! Blei nokre når eg kom ned til bilen igjen! Vil dele eitt av desse med dokke, frå ein av verdas vakraste fjordar :)



Det nærmar seg sommar, vèret er fantastisk, nettene lyse og nesten ikkje til å gå glipp av...

Ynskjer dokke alle ei vakker, ny veke! Bruk henne godt!

Klem
Elin


lørdag 29. mai 2010

Morskjærleik...




Bildet er frå dåpen vi var i sist helg.

Ynskjer alle ein flott laurdag!

Klem Elin :)



fredag 28. mai 2010

Klokkebordet mitt, à la Gùa :)



Hei! Her er eg igjen :) Har stressa siste timane for å få ferdig prosjektet mitt, klokkebordet. Og det var ei stund sidan Elin har gjort ting ho ikkje kan... Gùa, med ein av mine yndlingsbloggar, Hvitur Lakkris hadde eit innlegg i april om eit liknande bord. Eg har rett og slett kopiert idèen til Gùa, eller det vil seie, så godt som Elin kan. Eg er ingen kunstnar, og setter STOR pris på sjablongar til vanleg. Men denne gongen måtte eg gjere alt med frihand... Det er snirklete, ujevnt, og med ei positiv vinkling; sjarmerande skeivt ;) Men eg synes at resultatet er bra nok. Og så er det berre å måle over det når eg blir lei!






Eg har hatt årets første fjelltur i joggesko i dag. Anbefaler ALLE ein tur ut i naturen.
FANTASTISK!

Ha ein vakker fredagskveld der ute!

Klem
Elin



torsdag 27. mai 2010

Morgondagens innlegg... Sneak peak :)


Oppe enno? Eg har vore kunstnerisk heile kvelden, med GP i bakgrunnen siste timane. Veit ikkje om eg akkurat blei inspirert av sangane... Er svak for det danske bidraget, og likar godt det svenske. Men ellers har eg IKKJE peiling på innhaldet hos resten av landa. Legg ut eit bilde med ein nynorsk sniiik piiik på stoda akkurat no. Vart inspirert av ei anna bloggerske, men skriv meir om dette i morgen. Den store konkurransen min om å gi meg ein kommentar, dersom du kjenner meg, vart ikkje så vellukka. Men takk til Frøydis som gav seg til kjenne! Kjekt! Visste IKKJE at du las Draumesidene mine :)




Sweet dreams!

Elin


Velsigna solskin :)



Sjølv om vinden har vore kraftig og kald i dag, har sola varma gjennom vindua. Ei regnbyge måtte vi også tole i firetida, men no glitrar sollyset igjen. Eg har vore superflink, og vaska ned stova. Og eg kjenner at det blir nokre dagar før eg kan fortsetje på kjøkkenet... Det er tungt å vaske tak og veggar! Men eg er SÅ glad no for at det er gjort. Åpninga mellom stove og kjøkken vart ferdig i går kveld. Eg grunna listene med ein gong, og skal måle siste strøket med blank oljemåling. Eg har også starta på prosjekt bord, som eg gru-gleder meg til! Trur nemleg ikkje at eg er flink nok til å få eit godt resultat? Eg ser heilt for meg korleis eg VIL at det skal bli, men... Det spørs om eg må hente inn kyndig kunstnarhjelp? Sjølve målinga går greit, men dekoren eg har valt er i vanskelegaste laget for ei surre som meg. Viss det kjem eit blogginnlegg i den næraste tida om dette bordet igjen, har eg nok lukkast likevel ;) Den vakre morellskogen utanfor stoveglaset er som ein draum. Skulle ynskje at blomstrane varte FOREVER! :)







Dersom du lurer; stålpinnane med kroner, er bordkorta mine :) Eg har tredd på små blekktavler, som eg skriv navna på!


Ynskjer ALLE ein retteleg god kveld! OG : eg lurer stadig på kven som les bloggen min, og kjenner meg? Mistenkjer ein heil flokk faktisk ;) Legg igjen ei helsing då vel! Det hadde eg blitt veldig glad for! Det er berre å trykkje på ANONYM. Lat oss ha ein konkurranse i kveld! Kor mange av dokke kjentfolk legg att eit livsteikn? :)))

Og til alle dokke som stadig legg att kommentarar! TUSEN TAKK! Har prøvd å kome meg gjennom alle saman siste dagane. Og viss eg ikkje har vore hos akkurat deg, beklager eg det! I`m on my way!

Og sånn til slutt; vèrvarselet for neste veke er FANTASTISK!!! Ser ut som om det gjeld store delar av landet også :) YIPPI!!! Over tjue grader; JA TAKK!

Klem
Elin


onsdag 26. mai 2010

Draumelys...




 



Kjøkkenet mitt i kveld...


Elin



Solnedgang i regnbyger...




Vi vil gjerne ha sol framover, men eg let meg stadig fasinere av naturen sitt fargespel i kampen mellom sola og regnbygene... I går kveld var eg ute og tok bilder fleire gongar. I dag har vi sol, men det er kaldt i lufta.

Ynskjer alle ein fin fin onsdag!

Elin




tirsdag 25. mai 2010

Love is in the EIR...

Måtte berre vise nokre til av bilda eg tok før i dag. Som sagt før, så er det alltid mange bilder som aldri får vist seg fram på bloggen. Grunnen til at eg tok dei, er at det er grøn EIR på flaskekorkene, som eg synes er så vakker. Og i dag kom same fargen inn i rommet med Helsa-stolen... Detaljar, ja. Vakkert, YES! :)



Elin



Inspirasjon : House Doctor


 

 
Tenk å få rigge til i desse romma, og hatt fotosession ein heil dag - eller to... ;) Bilda er lånte frå bloggen til House Doctor, ein av mine favorittar. Eg har eit prosjekt på gang, men må vente til at det sluttar å regne. Det er på tide at Draumesidene tek seg nokre turar ut under åpen himmel igjen! Den som ventar på noko godt...

 


Drøymande Elin



Vidunder!!!


Ord er overflødige i dag... Det er ingen Tolix, men akk så vakker! Helsa-stolen med alle funksjonar intakte...







Ta vare på dagen! Er så glad for at dokke les bloggen min! Sette ny rekord på unike treff i går :) Og eg må innrømme; det betyr VELDIG mykje for meg!

Tusen takk for at akkurat DU er innom og gjer blogginga mi meinigsfull!

God klem frå meg!
Elin :)

mandag 24. mai 2010

O lukke! :)




Kva anna kan ein kalle det ein måndagskveld klokka ti, med godt fotolys, nytt bord i hus, og roser som ikkje ser ut til å ville visne på ei stund enno? Plata er øydelagd, men eg har ein plan... ;)




God natt :)

Elin


Fullt bord på kjøkkenet :)



Eg har fått sansen for fulle bord og benkar. Eg som har vore så minimalistisk... Har litt med støvtørking å gjere også, skal innrømme det... Men akkurat no tar eg gjerne den ekstra jobben, fordi eg blir så glad av å ha vakre ting framme! Og ute i hagen blomstrar trea for fullt. Du kan skimte det gjennom den gamle vindusruta :) Det er så vakkert, og eg skulle ynskje eg kunne stoppe opp heile prosessen nokre veker. Berre fått nyte denne delen av våren litt ekstra lenge... Dette er favoritt tida mi på året. Akkurat når alt vaknar til live, og før ting byrjar å visne. Det vil gå så fort no mot sommar og haust. Ein må ta vare på kvart minutt, og kvar time. Setje pris på dagane, og ikkje minst lange lyse kveldar, og netter med sol på fjelltoppane rundt omkring... Forstår godt teksten i "du skal ikkje sove bort sumarnatta..." Vi lagrar lys og varme no, vi nordbuarar. Fyller opp tankane våre innvendig, og tiner opp etter ein svært kald, og lang vinter. Og er vi heldige, kjem sola hit att i morgon. Kryssar fingrane for det!






Ynskjer alle ein velsigna god andre Pinsedag!

Elin


søndag 23. mai 2010

Vakker lillemor i blomstrande kirsebær...


Ein flott dag er over. Sjølv om regn og skodde hang tungt i fjella når vi stod opp.  Det er ikkje så nøye med vèret, når ein er i godt lag med famile og vener! Til slutt var vi i hagen til mamma og tok bunadsbilder under det som var pappa sitt yndlingstre... I dag er innlegget mitt ei helsing til han :)



Håper morfar kika ned frå himmelen, og såg vesletausa si under dei vakre, rosa blomstrane...

Klem
Elin

lørdag 22. mai 2010

Drivvedsoppheng til Raina :)


For veldig lenge sidan hadde eg ein rimekonkurranse. Eg trekte ut Raina med den vakre bloggen Stenlycka som vinnar. Anbefaler dokke verkeleg eit besøk til henne! Eg skulle lage henne eit drivvedsoppheng og sende omgåande. Trudde eg. Det skulle vise seg å bli vanskeleg å finne den rette fjølenden. Fjøra er tom for drivved i år! Her har ikkje vore vinterstormar, og den sedvanlege dungen med rot og rusk langs sjøen finns ikkje... Fint for oss når badesesongen startar, men trasig for meg som hadde lovd presang til Sverige! Prøvde meg på ei fjøl, som sprakk på midten. Frustrasjonen har vore stor, for eg hadde sett for meg at dette skulle vere fort gjort! Til slutt hadde eg hellet med meg, og fann noko drivved. Eg skurar alltid opp trevirket, før det ligg nokre dagar til tørk. No er endeleg knaggrekka ferdig, og skal inn i papir og sendast så snart det blir kvardag igjen. Så no kjem presangen din kjære Raina! Håper du finn ein plass til henne! Til alle dokke andre, nokre bilder av verdas vakraste rosebukett. Heilt nydeleg!




(Eg kjøper blomster til meg sjølv, viss nokon lurer...) ;)



Fortsatt god pinse :)

Elin


fredag 21. mai 2010

Draumedagar i mai


Så står Pinsa for døra. Vi skal vere heime, og i barnedåp på søndag. Vèrvarsla er dessverre dårlege. Skulle ynskje desse solskinsdagane kunne vare og vare... Det er så ubeskriveleg godt for kropp og sjel med varme strålar på kroppen. Hjelper enormt på humøret også. Eg har laga til ein collage med bilder frå dei siste døgna. Og eg skal sjå på denne kvar gong tungsinnet tek meg i regnbygene som er meldt... For dette er SÅ vakkert! Draumestoff for ei taus som meg...


Ynskjer alle ei fin Pinse!

Klem frå Elin


Sol i hagetrappa, og Jeanne d`Arc Living...


Hei alle gode blogglesarar! Fyrst : tusen takk for alle fine kommentarar og gode ord på gårsdagens innlegg! Eg har slete med høgre skuldra mi siste vekene, og i går måtte eg kapitulere med kommentarskriving hos alle dokke kjekke jenter... Fysioterapeuten min har hatt ferie siste vekene, men i dag skal eg besøkje henne :) JIPPI! (sjølv om eg trur det blir vondt å mjuke opp igjen dette...) Men eg har tatt bilder i hagetrappa, etter ein herleg frokost på terrassen - åleine. Kun Hurtigruta som daffa forbi medan eg åt. Eg gjentek meg sjølv veldig, MEN : eg blir så inspirert av JDL. Og hagebilda i siste nummeret var så herlege. Eg blir drøymande, og kreativ. Kvite hortensia og lavendel er årets innkjøp til hagen så langt. Det blir ein kvit og grøn sommar for min del. I fjor var terrassen prega av kvite og rosa blomster. Det varierer litt frå år til år. Innimellom mine eigne bilder viser eg bilder lånt frå JDL. Sollyset mellom sprinklene i trappa traff bilda i bladet...




 







Ynskjer alle ein fin fredag! Og ei flott pinse! 
Og så lover eg å kome sterkare tilbake med besøk og kommentarar neste veke!

God klem frå Elin :)



torsdag 20. mai 2010

Kva med litt kveldsmat også?


Eg er så glad for at så mange vil kome og ete frokost hos meg :) Tenk om vi kunne gjort det! Skulle ha dekka på langbord, og så kunne vi KOSA oss i timesvis :) "Det hadde blitt ei bikkje ta kørå", altså litt av kvart angående bestikk og tallerkenar. Men kjenner eg damene her inne rett, var det vel ingen som hadde sagt noko på det ;) Her har vi hatt ein fantastisk soldag, og eg fekk gått 12 kilometer i ettermiddag. I eit nydeleg dalføre, med bakkar dekte av kvitveis, som gav den herlegaste eim av lykke... Små lam som spratt rundt, og ei diger elv som braka nedover mot flatare bøar og fjorden lengst nede. Eg skulle ynskje eg kunne dele nokre kilometer med opplevelse med dokke alle! No går det mot kveld, og eg veit om ein time sitt eg ute på trappa, med fotoapparatet i hendene. Det er slike vakre kveldar, og sjølv om motivet er det same kvar gong, blir eg aldri lei av det... Det er ikkje berre på morgonen at utsynet frå terrassen gjev energi og glede. Bildet under vart tatt på tysdag omtrent klokka ti.


Ynskjer alle ein fin kveld, og i morgen er det fredag - igjen?
Som veslemor akkurat sa ; -går ikkje vekene VELDIG fort mamma? :)

Elin


Vil du ha frokost på terrassen min? :)

Velkommen til ei stund med sein frokost på terrassen min! Kunne ikkje dy meg i dag... Sist eg dekka på her ute var det november. I dag er det vår, endeleg. Villmorellene blomstrar, og fekk kome på bordet. Oliventrea kan også stå ute. Håper du kan fange stemninga, og NYTE... Dette er som eit eventyr...








Klem
Elin