Eg har sett personleg rekord i å la vere å shoppe ting til huset...
Spesielt puter. Flytter rundt på dei ca.1000 eg har frå før. Har nok for resten av livet, for å seie det sånn :) Og eg synes alltid eit rom forandrar seg alt etter som kva tekstilar ein har der? Skal ikkje meir til enn å flytte på nokre puter, eller leggje eit nytt pledd i sofaen. No er sommaren rett rundt hjørnet,sjølv om vi hadde snøvbyger i går kveld, etter nesten tredve grader i skyggen i pinsa. Litt av nokre overgangar?
Men fottøyet innkjøpt i Spania står optimistisk og ventar på varme grader igjen.
Elin






















































